Tag Archives: cerebral parese

Designstudent motiverer barn med CP til trening

Til bacheloroppgåva har vestlandsjenta Asveig Marie Jellestad designa eit produkt som motiverer barn med Cerebral Parese og andre motoriske utfordringar til klatring.

Gjennom brukarundersøkingane avdekka den unge designaren kor viktige foreldra sine kreative påfunn er for å engasjera borna til trening. «Så små barn skjønner ikke selv at de må trene. De trenger noe som motiverer, som en leke på toppen av en klatrevegg,» fortel Regine Hoel, mor til Leah på 3 år. Det viser seg at både foreldre og fysioterapeutar saknar treningsprodukt som bidreg motiverande i seg sjølv.



Slik blei produktet Eski til, små fargeglade gøymestader som dei vaksne kan henga opp i ribbeveggen. Der oppe kan ein gøyma rebusar, togskinner og andre overraskingar som borna må klatra opp for å finna fatt i. «Aldri har det vært så mange barn oppi ribbeveggen på en og same dag,» smilte Marit då borna fekk testa ut produktet på Sabeltanngym, eit leikbasert treningstilbod arrangert av CP-foreininga. Frontane på Eski kan skiftast ut for å tilpassast ulike kognitive ferdigheiter. Her er det kunn fantasien som set grenser. Produktet er enno på prototypstadiet, men Asveig Marie håpar ein av dei spesielt inviterte produsentane skal melda interessa si på utstillinga.



Visjonen til den nyutdanna produktdesignaren er «Ein betre kvardag gjennom design». Produktet Eski er eit eksempel på nettopp dette, på korleis design kan bidra på eit samfunnsnyttig plan. Med unge designarar i farta går me ei lysare tid i møte.

Utstilling

Eski kan sjåast på utstilling den 2. – 5. juni 2012 på det Gamle Kunstakademiet i St. Olavs Gate 32 i Oslo. Utstillinga er i regi av produktdesign-avdelinga ved HiOA, Høgskolen i Oslo og Akershus.

Opningstider:

Laur/Sønd: 11.00-19.00
Man/Tirs: 12.00-20.00