Tag Archives: bustader

Husbankinformasjon om universelt utforma bustader

Husbanken har laga ei kort og instruktiv orientering om universelt utforma bustader. Stoffet ligg føre i elektronisk form og er eit tilbod som alle kommunane i landet kan leggje ut på heimesidene sine.

Bakgrunnen for informasjonstiltaket er at det er 10 år sidan omgrepet universell utforming vart introdusert i Noreg, og framleis er denne planleggings- og tenkjemåten lite kjent. I Noreg brukar ein denne definisjonen på universell utforming: Universell utforming (design for all) er utforming og samansetjing av ulike produkt og omgivnader på ein slik måte at dei kan brukast av alle i så stor utstrekning som mogeleg, utan behov for tilpassing eller særskilt utforming.

Den universelt utforma bustaden er tilgjengeleg for alle – både for folk med nedsett rørsle- eller orienteringsevne, og for dei som er plaga av astma og allergi. Slike bustader har enkel og trinnfri tilkomst frå parkeringsplass til inngangsdør, godt synleg hovudinngang og romslege bad. Dei har praktiske romløysingar og eit
sunt innemiljø. Den universelt utforma bustaden kan tilpassast dei ulike funksjonsnivåa våre og ulike bustadbehov, slik at vi kan bu der lenge. Informasjonen ligg føre elektronisk både på bokmål og nynorsk samt i trykt versjon på bokmål.