Eria Resort – Rullestolbrukarar og familiane deira treng også ferie

Det er sundag morgon og alle bebuarane på Eria Resort sit ute ved bassenget og kosar seg med frukosten, som dei har
henta seg ved frukostbufféen. Her er det mykje godt å velja mellom, og særleg freistar fatet med frukt i alle fargar, og så den gode youghurten som Kreta er så kjend for.

Nokre av bebuarane treng hjelp til både å forsyna seg og eta, men det ser ikkje ut til å leggje nokon stor dempar på humøret denne vakre septembermorgonen. For her er det feriestemning og glede over å få oppleva noko nytt under solvarm himmel, langt frå det daglege kvardagslivet heime i Noreg. Me treng alle å koma bort for å «lada opp batteria», som det heiter, ikkje minst rullestolbrukarane og familiane deira.

Hentetjeneste

Kva er det som er viktig når ein funksjonshemma og rullestolbrukar skal på ferie? Det er at alt må fungere like godt som heime i det daglege, slik at både den funksjonshemma og familiemedlemmene kan få alt tilrettelagt etter sine behov. For oss som ikkje er funksjonshemma, er det ikkje så mykje me treng å ta hensyn til når me skal tinga oss feriebillettar, anna enn at me har ein stad å bu og at me kjem oss dit me ynskjer på ein grei måte. Me kan også velja mellom mange stader og pristilbud. Så enkelt er det ikkje for dei som sit i rullestol, når dei vil reise til «syden».

Det går som regel greit å koma seg til flyplassen, for dit kjem dei med dei hjelpemidla dei brukar i det daglege
heime. Og flyreisa går og som regel greit, men korleis er det når ein landar på flyplassen nær reisemålet? Korleis skal ein koma seg til bustaden? For ein kan ikkje ta den vanlege busstransporten dei fleste brukar. Dermed er den første hindringa ei utfordring som avgrensar dei vala ein har når det gjeld reisemåla for rullestolbrukarar. Men desto betre er det når ein oppdagar at det finst reisemål som har løyst denne hindringa, ved at dei hentar ein på flyplassen. Eit slikt nytt reisemål for rullestolbrukarar og familiane deira er: Eria Resort på Kreta.

Hit reiser ein med fly til Chania, og etter ca. ein times biltur er ein i Maleme, der Eria Resort ligg. At ein kan verta henta på flyplassen, er heilt avgjerande for dei fleste for at ein skal koma seg på ferie til Kreta eller andre stader.

Gode fasiliteter

Eria Resort er eit nytt firestjerners hotell som vart opna i 2004, der dei gjer sitt beste for å tilfredsstilla alle behov som gjester med funksjonshemningar har. Både romma og bada er fullt ut tilrettelagte med ekstra utstyr og hjelpemiddel. Dessutan er det tilbod om omsorgstenester, slik som minibuss som tek 3-4 rullestolar, og dei har eit variert turopplegg for gjestene sine. Dei 11 dobbeltromma og dei to suitene er fullt utstyrt med elektrisk regulerbare senger, satellitt TV, telefon, internettkontakt, radio, sikkerhetsoppbevaring, minibar , hårtørker og tryggheitsalarm . Baderomma er tilpassa rullestolbrukarar, og resepsjonen er open heile døgeret.

Eria Resort har restaurant og svømmebasseng, som har lett tilgang med badestol. Det er heis i hotellet, og det ligg utruleg fint til i det særprega greske landskapet. Det er også eit godt tilbud med fullt utstyrt treningsrom m.m. i underetasjen, og ein har også tilgang til lege, fysioterapeut og massør om ein ynskjer det, mot betaling. Dessutan har dei forskjellig utstyr for funksjonshemma som ein kan leige, til dømes elektrisk rullestol, slik at ein ikkje
treng ta denne med seg frå Noreg. Ein kan også leige hotellbussen for å reise inn til Chania, eller tinge den eine drosjen i Maleme, som kan ta med seg rullestol.

Eg bur i eit lite og enkelt pensjonat fem minutts gange frå Eria Resort, og då eg kjem ruslande opp mot staden, kjem dagleg leiar ved Eria Resort, Diamanto Apostolaki mot meg med eit stort smil og ei varm omfamning. Diamanto er ikkje berre raus og kjærleg mot meg som gjest, men slik ser eg at ho møter alle hotellgjestene sine. Då eg reiste til Kreta for å skriva om Eria Resort, for å gjera tilbodet deira kjent for dei funksjonshemma i Noreg, vart eg gledeleg overraska då dei første eg møtte var eit svært hyggeleg norsk ektepar som var der på ferie, Unni og Knut Linnerud frå Gjøvik. Unni har hatt muskelsjukdom sidan ho var ung, og ho er avhengig av rullestol.

Ho og ektefellen Knut har vore fleire andre stader som og har vore tilrettelagt for funksjonshemma, men dette er den staden dei har likt seg best, fortel dei. Ein av grunnane til det er, at Eria Resort ligg så nydeleg til, med utsikt frå uteplassen ved svømmebassenget mot fine olivenlundar med eit og anna hus innimellom, som små perler. Her andar alt av fred og ro, og berre litt fuglekvitter bryt stilla. Frå det fine rommet sitt har dei vidt utsyn over
Middelhavet, som berre ligg 10 minutt unna med den elektriske rullestolen, fortel Unni glad. For ho likar å ta seg
ein tur ned til stranda for å kunne bada i havet. Det går an med tilgjengeleg hjelpemiddel, når bølgjene ikkje er for store.

Men svømmebassenget på Eria Resort er også fint, og det er lett å koma seg uti med badestolen dei får låne. Unni og Knut likar å finna ein hyggeleg uterestaurant langs stranda, når dei skal innta lunsjen sin. Frukostbuffeen er inkludert i opphaldet på Eria Resort, men buffémiddagen klokka 19.30 må dei betala ekstra for om dei ikkje har tinga seg halvpensjon. Ellers kan dei kjøpe seg det dei måtte ynskje á la carte i restauranten heile dagen. Det er veldig god service her, fastslår både Unni og Knut. Alle er så hyggelege, både her på Eria Resort og ellers i Hellas, opplever dei.

I pose og sekk

Betjeningen på Eria Resort skaffar alt dei måtte ha bruk for av ekstra utstyr, slik at opphaldet skal verta så triveleg som mogeleg, både for den funksjonshemma og dei som er med under ferieopphaldet i Maleme på Kreta. Særleg viktig er det at ein kan verta henta på flyplassen, seier Unni. Hit reiser dei gjerne oftare. Det vert lagt opp bussturar i området, og ein tur til byen Chania vil dei fleste ynskje seg, for å oppleve litt meir av det greske folkelivet. Chania ligg berre ein halv time unna med bil, og det er ein svært triveleg by med eit havneområde som er lett å «rusle» omkring i med rullestol også, fortel Unni. Ho og Knut har opplevd det yrande folkelivet der, både ved havna og i dei livlege handlegatene. Ja, Unni såg på og vurderte mest kvar einaste veske i «skinngata» fortel ho, men utan at ho fekk seg til å ta ei avgjerd om veskekjøp. Knut fortel at han også får litt avlasting under opphaldet her. Han kjenner seg trygg på at Unni vil få den hjelp ho treng, om ho vil verta sitjande i sola ved svømmebassenget, medan han vil ta seg ein middagslur på rommet deira.

Mange gonger har dei vorte skuffa når dei har kome til hotell som har reklamert med: «Tilrettelagt for rullestolbrukarar», utan at dette har vore gjennomført med alt som trengs for at det skal fungere for den funksjonshemma og medhjelparen. Men her har alt vore tilrettelagt på beste måte, heilt frå dei vart henta på flyplassen etter den tre og en halvtimes lange flyturen frå Gardermoen til Chania, avsluttar dei båe, og ynskjer alle andre i same situasjon ei god reise dit. Det er eit fantastisk ver med sol, lett bris og god temperatur under opphaldet i denne septembertida, slik at alle kan sitja ute og få med seg det siste av sumaren her på Kreta.

Gjestene er frå mange land, som England, Østerrike, Tyskland, Danmark og Sverige, og så oss norske då. Eg kjem i prat med eit hyggeleg ektepar frå England, Julie og Bryan Hyde. Han er lege, og ho var forelesar ved Universitetet i Oxford då dei fekk beskjed om at ho hadde Multippel Sklerose, for snart 20 år sidan. Då bestemde dei seg for at dei ville reisa så mykje som mogeleg for å oppleva den gleda saman, og det har dei gjort. Men no er Julia mykje dårlegare, så dei kan berre reise til godt tilrettelagde hotell for funksjonshemma.

Dei kan ikkje få fullrost Eria Resort, særleg når det gjeld den godt skjerma og trivelege uteplassen ved bassenget,
der alle måltider vert inntekne, og ellers heile tilbodet for gjestene her. For alle som er her, vert møtt med smil og godt humør. Det er svært viktig, for mange av bebuarane har ein tøff kvardag. I England, Sverige, Danmark og Tyskland er det særskilde reisebyrå som sel turar som er tilrettelagde for rullestolbrukarar. Dei har same ynskje om å kunna reisa på ferie til «syden» for å oppleve noko nytt og for å nyte sol og varme i det gode klimaet, som oss andre. Då eg reiste til Kreta i midten av september, var det utruleg varmt og fint der, ja midt på dagen var det svært varmt, men sidan det på Kreta stort sett er ein liten bris heile tida, så kjendest varmen berre god ut, der eg heldt meg i skuggen det meste av dagen.

Men Unni og Knut Linnerud frå Gjøvik, og særleg Unni, liktar å sitja i den gode solvarmen på Kreta, og dei er brune og fine etter snart 14 dagar her. Dei har vore fleire gonger inn til Chania, for i det fine havneområdet var det liv og røre og lett å koma omkring med rullestolen. Unni og Knut har og vore andre stader som har vore tilrettelagt for funksjonshemma, men dette er den beste staden dei har vore på, slår Unni fast. Difor vil Unni gjerne fortelja andre rullestolbrukarar om korleis det har vore å feriera på Eria Resort i Meleme på Kreta, slik at andre og kan få hug til å reisa dit. For det er vel slik at ein kjenner seg tryggare på å reise til ein stad når ein har fått
snakka med og fått opplysningar om staden frå nokon som har vore der sjølve.

Eria Resort finn ein på www.eria-resort.gr og epost : info@eria-resort.gr
tlf. +30 28 21 06 27 90

Leave a Reply

Your email address will not be published.