Universell utforming – hva hvorfor og hvordan?

Universell utforming må bli vektlagt tidleg i planlegginga sidan utforminga kan løysast på mange måtar. Husbanken kan vise til nokre omsyn som må bli tatt, forslag til konkrete tiltak, samt nokre eksempel på gode løysingar.

Hva er universell utforming?
Ein kan ikkje setje opp ein standard for universell utforming som kjem alle i møte, fordi det er ei grense for kor langt vi kan ta omsyn til alle menneske samstundes. Til dømes kan ulike funksjonshemmingar ha motstridande behov.
Husbanken fokuserer på utforming som er bra for alle og nødvendig for nokre: Vi foreslår løysingar som gjer bustadene meir brukbare for alle utan at det oppstår motstridande omsyn. Der universell utforming legg att udekka behov, må ein til med individuell tilpassing. Det skal i minst mogeleg grad vere nødvendig med tilpassing.

KVIFOR byggje bustader som er universelt utforma?
* Bra for alle, nødvendig for nokre: kjem du heim med bereposar og ein toåring på slep, trillar du barnevogn, har du fått idrettsskade, er synet blitt dårlegare, har du høgt blodtrykk, eller har du barn med astma og allergi? Universelt utforma bustader og buområde gjer kvardagen enklare for alle, samstundes som utforminga er nødvendig for dei som har kort- eller langvarige funksjonshemmingar.

* Lønsamt for utbyggjar og bustadkjøpar: Bustadene treff ei breiare kundegruppe og etterspurnaden etter universelt utforma bustader er stor. Den eldre delen av folkemengda blir større, dei er ressurssterke og bevisste utformingpå behov, og talet på funksjonshemma aukar samstundes med nedbygginga av institusjonar. Barnefamiliar er også opptekne av korleis bustadene kan gjere kvardagen enklare. Utbyggjaren får gode salsargument sidan andrehandsverdien av bustader med universell utforming kan bli høgare med ei stor kjøpegruppe.

* Lønsamt for samfunnet: Det er samfunnsmessig lønsamt å byggje ned hemmande barrierar slik at flest mogelege kan fungere sjølvstendig i samfunnet, og bli buande i eigne bustader.
Lenkje: Forskingsprosjekt: «Universell utforming – samfunnsmessig lønnsomhet»

* Etikk: Universell utforming diskriminerer ikkje enkelte grupper, og har likeverd som mål.

* Lovverk: Lenkje: Deltasenteret sine sider om regelverk

KORLEIS byggje bustader som er universelt utforma?
For å kunne utforme omgjevnadene universelt må ein kjenne behova til og utfordringane for menneske med ulik alder og ulike livssituasjonar. Vi deler utfordringane inn i tre hovudgrupper:
1. bevegelse
2. orientering
3. miljø/inneklima

Vi kan også anbefale Blad 220.300 «Universell utforming, utforming som passer alle» i Byggforskserien. Bladet tek for seg prinsipp og filosofi bak omgrepet universell utforming, korleis prinsippa blir lagt til grunn ved utforming av bustader blir gjennomgått, og det blir foreslått dimensjonering og tiltak i bustader og uteareal.

Leave a Reply

Your email address will not be published.